Godt Nytt år

Hei alle og Godt Nyttår.

Det har vore eit spesielt år for dei fleste, for nokre meir enn andre. Året slutta for nokre på ein  tragisk måte, då eg tenker spesielt på hendinga i Gjerdrum. Tankar går til alle dei pårørde frå oss på realfag UiB. Det er uverkeleg og trist at noko slikt har hendt, spesielt midt i jula.

Det blei ein spesiell start på det nye året også på andre måtar. Søndag ettermiddag/kveld kom det nye, strenge restriksjonar for heile landet i forbinding med pandemien. Antalet folk som kan vere i lag vart redusert, det blir strengare å gå i butikkar og mange skular har heimeundervisning igjen. Det vart som forutsatt ei ny smittebølge etter jul. Både eg og andre har full forståelse for dette, men mange kjenner på litt frustrasjon over at dette kom heilt på slutten av den siste feriedagen. Eg kjenner fleire vgs-elevar og studentar som allereie har reist tilbake til hyblar og kollektiv der dei går på skule for å så få beskjed om at det blir heimeskule og ein kunne eigentleg ha vore lenger heime. Samtidig er det viktig å tenke på at dette skjer ganske kort tid etter hendinga i Gjerdrum, som gjer at det blir ein unntakstilstand. Dette er berre bagatellar i forhold til det. Personleg meiner eg at det er første prioritet å fokusere på denne hendinga og alle dei som er ramma der, det trur eg vi alle kan seie oss einige i.

Det blei ein spesiell slutt på 2020, også ein spesiell start på 2021. Vi legg bak oss eit vanskeleg år, men står nok i møte med eit nytt annleis og litt vanskeleg år, i alle fall halvår. Heldigvis har me no fått vaksine og vaksineringa i Norge har starta. Det går i rett retning og sjølv om mange er leie så begynnar me å sjå ein ende på det heile. Me håpar alle på at 2021 kan blir betre enn 2020, i alle fall litt etter kvert. Dugnaden er likevel ikkje over og me må stå på litt til. Det kan me klare! Derfor vil eg gi nokre tips til kva ein kan finne på til dei som av ulike grunnar er aleine no i starten av 2021 og føler seg litt motlause.

 

STORY-TEL

Eg har brukt storytel i over eit år og er kjempefornøgd. Her har du mange ulike lydbøker, både på Norsk og Engelsk. Det er likar så godt med å høyre lydbok er at eg kan gjere andre ting i mens, i motsetning til viss ein les ei bok. Viss eg går tur aleine høyrer eg alltid på lydbok. Eg høyrer når eg tar oppvask, heng opp klesvask, lagar mat osv. Spesielt no når ein ikkje får levd livet akkurat slik ein vil er det utruleg kjekt å dykke ned i ein annan sin forteljing og leve litt gjennom det. Du kan prøve Story-Tel gratis i 30 dagar utan bindingstid og eg anbefalar det på det sterkaste!

Mine tips: Viss du som meg likar koselege og litt spennande romanar anbefala eg bl.a. forfattarane Lucinda Riley, Jojo Moyes og Santa Montefiore. Eg har høyrd alle lydbøkene av dei som ligg på Storytel og likte alle veldig godt.

 

STRIKKING

Strikk ein gensar, eit panneband eller ei hue! Det er ikkje så vanskeleg som ein skulle tru og det finst utruleg mange gode videoar på youtube ein kan sjå på. Kanskje du til og med kjenner nokon du kan ringe for å få litt råd? Eg har nettopp begynt på min første gensar og det går utruleg bra til no! Viss ein ikkje vil gå i butikkar for å kjøpe garn og pinnar, kan ein enkelt finne alt ein treng på nettet og bestille. Det er eit kjekt tidsfordriv, det er kjekt å lage noko sjølv og ikkje minst så kan ein bruke det når ein er ferdig, eller det kan bli til ein fin presang til nokon.

 

GÅ EIN TUR

Det er ingenting som får meg til å føle meg betre enn å vere litt ute i frisk luft kvar dag. Om det berre er 10 min rundt i nabolaget så hjelp det! På dagar der det har vore dårleg ver eller travelt tar eg ein slik kort tur berre for å nett ha vore ute litt. På dagar med fint ver går eg gjerne lenger. Eit av mine to beste tips når ein går tur aleine er som eg nemnte før å høyre lydbok frå storytel. Det er utruleg kosleg. Det andre tipset mitt er å ha med headset eller øyreproppar og ringe nokon. Enten nokon i familien, ein venn, bestefar eller bestemor eller andre. Det er mange som føler seg einsame og aleine for tida og er trur dei alle fleste set pris på ein liten samtale. Sjølv om de ikkje har snakka på ei stund, eller det er nokon du vanlegvis ikkje snakkar med på tlf, ta ein sjans og prøv! Sannsynlegvis vil dei berre syns det er kjekt.

 

BAKE NOKO

Ein av mine favorittaktivitetar når eg har lite å gjer. Det er kjekt, det er godt og det er økonomisk! Om du ikkje syns det er så kjekt så er det vertfall godt og økonomisk, så to av tre. Eg likar godt å bake brød, rundstykker, ost og skinke horn, bollar og foccacia. Alle desse er perfekte og fryse ned og ha i lang tid framover. Då blir plutseleg måltida litt ekstra gode med heimebakst. Prøv då vel!

 

EKSPERIMENTER MED NYE RETTAR

Det har vore nokså kaldt ute fleire plassar i landet dei siste dagane og kva er vel då meir perfekt enn å vere inne i varmen og lage god mat på kjøkkenet. Som før blir det lite resturantbesøk og turar på byen. Kvifor ikkje då bruke nokre av dei pengane ein ellers hadde brukt på det, på å kjøpe inn å lage noko fanzy heime som du aldri har prøvd før? Brukt for eksempel matprat appen til å finne ein rett du vil lage. Eg og kjærasten min planlegger å prøve oss for første gong på raudvinssaus til hjortebiff som me har fått av foreldra mine til helga. Då skal me lage fløytegratinert potet/nepe/søtpotet lag på lag, og ha sellerirotpure ved sida av. Dette er ein litt dyr rett som me kanskje ikkje hadde tatt oss råd til ellers, men det blir likevell billigare enn på resturant, så kvifor ikkje bytte det ut med ein eksklusiv middag heime ein dag. Viss du er aleine, kanskje du kan få med deg nokon annan som også er aleine og så lagar de same rett på kvar dykkar kant med facetime?

Her er same rett berre med Lam som me hadde heime i jula.

 

Håpar de fekk nokon gode tips frå dette som de har lyst å prøve ut! Ellers ønsker eg alle ein god start på året og kryssar fingrane for at det blir betre etter kvar.

 

 

Kajsa

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *