Fjelltur i Bergen

Hei!

I dag tenkte eg at eg skulle fortelle litt om fjellturar i Bergen. I første omgang blir det dei mest populære turane som finst i Bergen, som då er dei sju fjella som Bergen er omringa av. Desse fjella heiter:

  • Lyderhorn, 396 moh
  • Damsgårdsfjellet 317, moh
  • Løvstakken, 477 moh
  • Ulriken, 643 moh
  • Fløyen, 320 moh (utsiktspunktet)
  • Rundemannen, 568 moh
  • Sandviksfjellet, 417 moh

Til no har eg gått til alle toppane utanom Lyderhorn. Grunnen til at eg ikkje har gått der endå er fordi det er litt lenger unna der eg har budd til no, og då er det fort å heller ta ein tur som er litt nærmare i ein travel kvardag.

Mitt favorittfjell har til no vore Løvstakken. Dei to første  åra mine i Bergen budde eg på Kronstad, som då er veldig nærme stien som går til Løvstakken. Eg benytta meg då mykje av dette fjellet og gjekk ofte ein kortare tur til det som heiter Strandafjellet, som er ca halvvegs opp til Løvstakken. Dette var ein perfekt tur å ta på ettermiddagstid når ein ville ut i naturen men ikkje hadde tid til å vere vekke så lenge. Grunnen til at det er ein av dei finaste turane etter min meining er fordi det er meir sti, skog og natur. Ein føler at ein kjem litt vekk frå byen og så er det mange forskjellige stiar opp dit som gjer at ein slepp å gå i kø slik det ofte kan bli til Ulriken og Fløyen. Eg som kjem frå ei lita bygd med mindre enn 3000 innbyggarar og er vandt til å omtrent ikkje møte nokon folk på tur, set utruleg pris på det.

Utsikt frå Strandafjellet, på ein gråversdag og ein finversdag.

 

Utsikt frå Løvstakken, her ser ein inn mot Fyllingsdalen, der eg bur no. Bergen sentrum blir då ca i motsett retning.

No når eg bur i Fyllingsdalen kan eg fortsatt gå til Løvstakken då Fyllingsdalen er på andre sida av fjellet. Men eg må sei at turane til Løvstakken er litt finare frå sentrum. Men no har eg funne meg eit nytt favorittfjell med tanke på kor eg bur no og at det skal vere litt lettvint i kvardagen, nemleg Damsgårsfjellet/Olsokfjellet. Då går eg frå Melkeplassen som ligg mellom Fyllingsdalen og Laksevåg. Frå meg går det ein buss dit som berre tek 5-6 minutt. Sjølve turen er og veldig kort, der eg brukar under ein halvtime opp. Heilt perfekt trimtur på ettermiddag etter skule eller liknande. Når eg har betre tid, som i helgene, tar eg gjerne bussen til Gyldenpris og går opp til Løvstakken eller til Årstad og går opp til Fløyen.

Damsgårdsfjellet i solnedgangen.

Når eg nemner Fløyen og at eg går opp frå Årstad, nærmare sagt Svartediksveien, tenker nokon kanskje at det ikkje er der ein har høyrd at ein går opp til Fløyen. Dette er og ein nokså populær veg, men ikkje like populær som frå Fløybana i sentrum. Personleg syns eg denne vegen er mykje finare og litt mindre folksom, så det kan vere eit godt tips viss ein likar det betre slik.

Slik ser stien opp til Fløyen ut så og sei heile vegen viss ein går frå Svartediksveien.

 

Utsikt frå Fløyen. Ein ser og her spinningtime via Sammen, som er ei populær treningskjede for studentar med rimelege prisar.

Ellers er trappene opp til Ulriken veldig populære. Der har ikkje eg vore so mykje då eg likar bedre sti, men det er veldig fin utsikt derfrå og ein god trimtur! Rundemannen er på same side, men nærmare Fløyen. Ein kan sei at det ligg litt bak og høgare oppe enn Fløyen. Der går ein viss ein går den populære turen over vidden, som då er frå Fløyen til Ulriken eller motsett.

Utsikt frå Ulriken.

Ulrikken ligg til høgre for Fløyen sett frå sentrum, medan Sandviksfjellet ligg til venstre. Når ein skal til Sandviksfjellet går ein gjerne Stoltzen opp, som og er steintrepper. Eg syns likevel dette er ein finare tur då det ikkje er like steinete og meir natur rundt enn opp til Ulriken. Det er og veldig flott utsikt frå Sandviksfjellet ut over fjorden og ein ser innover store delar av Bergen.

Sandviksfjellet.

Lyderhorn har eg som sagt ikkje gått til endå, men planen er å gjere det så snart som mogeleg då eg har høyrd at det er veldig fint. No har eg budd i Bergen i over 2 år så då føler eg at det er på tide at eg har «runda» alle dei 7 fjella. Etter dette er planen å prøve meg på litt andre turar litt utafor sentrum. Det gler eg meg til.

 

Busstips til nokre av turane, mine anbefalingar:

  • Strandagjellet/løvstakken: Bybana, gå av på danmarksplass.
  • Fløyen, gå opp frå høgre side av fjellet, buss 2 eller 3 frå sentrum, gå av på Årstadveien eller Statsarkivet
  • Damsgårdsfjellet, gå frå Melkeplassen, Buss 19 frå sentrum, gå av på Klauvsteinen

Eg vil påpeike at det er mange ulike stiar og vegar ein kan gå, og ulike plassar ein kan starte turen til eit og same fjell, så dette er berre mine erfaringar og mine tips som eg syns er greie.

 

Håpar de fekk noko ut av dette og at de vil prøve dykk på mange fine fjellturar i fine Bergen.

— Kajsa

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *