Fem kjappe med Oscar

Hallais!

 

Ny dag, ny moglegheit å lese om ein studentambassadør. Og på nynorsk! :O

Eg er ny studentambassadør for MatNat i år, og vil fremje studiet mitt og realfagleg utdanning på UiB, så dykk skal få høyre litt om meg.

Kven er eg?

Eg heiter Oscar dos Santos Kvalsvik, og er 20 år gamal. Eg kjem frå Rio de Janeiro i Brasil, men er oppvakse i Fosnavåg på Sunnmøre.

Havperla Fosnavåg <3

Eg er ein solid ambivert som likar det sosiale like mykje som åleinetid. Eg er fleirspråkleg, og snakkar norsk, portugisisk, engelsk og spansk. Hadde eg ikkje studert realfag, hadde eg tenkt å studere lingvistikk, sidan eg elskar å lære meg nye språk. Desember er min favorittmånad, fordi ein feirar jul, nyttår og bursdagen min :)) Eg likar å ha ein litt travel kvardag, så lenge eg får mine åtte timar søvn.

Kva studerar eg?

Eg er andreårsstudent på bachelorprogrammet i kjemi. Kjemi er studiet om stoff og struktur; om kvifor Fridomsgudinna er grøn og ikkje raudbrun, kvifor biodrivstoff frå fornybare energikjelder er betre for klimaet, kvifor studentar er hekta på kaffi og Redbull, og kvifor mobilane våre får forlenga batteritid dess nyare modellar kjem på markedet.

Fyrste lab-arbeid for året

Kjemi er studiet om alt rundt oss. Eg er førebels på mitt tredje semester, av seks totalt. I bachelorprogrammet i kjemi får du god forståing av syntesar, analysar og teknologi, og får kunnskap i nærliggjande disiplinar som matematikk, molekylærbiologi og fysikk.

Kvifor valde eg kjemi?

Sidan eg var på barneskulen, ville eg bli lege. Men då karakterane ikkje strakk til, gjekk eg mot det eg var minst flink i, og det eg vart mest nysgjerrig på: kjemi. Eg gjekk ut av vidaregåande med 2 i kjemi, og forventa eg skulle droppe ut innan den fyrste veka. Men kjemien stemde til slutt 😉 Eg ville forbetre meg i disiplinen, og tenkte det er inga betre måte å gjere det enn å studere det. Eg elska laboratoriearbeid, så eg valde kjemi for å drive med syntesar og analysar. Etter bacheloren, er eg førebels usikker om eg vil byggje på kjemien eller gå over til medisin. Men den tid, den sorg.

Kvifor valde eg Bergen?

Utsikt frå Fløyen

Eg hamna på venteliste i Trondheim, og fekk tildelt plass i Bergen. Sidan eg hadde venar som studerte i Bergen og det var ikkje frykteleg langt frå Fosnavåg, enda eg å takke ja til studieplass, og eg angrar absolutt ikkje på valet. Med ein gong eg kom til Bergen, innsåg eg eg ville bli her etter studia óg.

Kva driv eg med utanfor studiet?

Eg har vore med i studentkorpset Musikselskabet Larmonien, og vore hendingsansvarleg for Kjemisk Fagutvalg (KFU), som er fagutvalet for kjemistudentane på UiB. I år er eg programstyremedlem for KFU, der eg jobbar tett med Kjemisk institutt med korleis bachelor- og masterprogramma i kjemi blir sett opp. Eg jobbar på ettermiddagane som privatlærar for Learnlink, som jobbar med nettundervising for elevar i grunnskulen og vidaregåande skule. Eg driv med styrketrening på Sammen sine treningssentre, så du finn meg enten på City eller Studentsenteret. Elles er eg (for) glad i Minecraft, musikk, politikk og all things medicine.

Ekstrarunde: Fem songtips!

  • arrow av half alive
  • Roadless av Frightened Rabbit
  • My Iron Lung av Radiohead
  • Circles av Jack Garratt
  • Sucker Punch av Sigrid (<Sunnmøre3)
1 stk trøtt student

Takk for meg!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *