5 kjappe med Kajsa

Heii! Eg er ein av dei nye studentambassadørane til MatNat (Det matematisk naturvitskaplege fakultetet) på UiB (universitetet i Bergen) og no skal dykk få bli litt betre kjend med meg.

Kven er eg? Eg heiter Kajsa og er 22 år gammal. Eg kjem frå ei veldig lita bygd som heiter Vik og ligg i det gamle Sogn og Fjordane. Eg er ei utadvendt og sosial jente som likar å vere med på mykje. Derfor gler eg meg veldig til å få bli med i teamet av studentambassadørar dette skuleåret!

Kva studerar eg? No i haust startar eg på mitt tredje og siste år på bacheloren i molekylærbiolog. Eg trivest veldig godt på studie og med realfag, så planen til neste år er å enten fortsette på med ein master i molekylærbiologi eller å gå litt meir mot kjemi. Eg syns kjemi var veldig vanskeleg på vidaregåande og var ganske sikker på at eg ville gå meir mot biologi, men etter å ha hatt nokre kjemiemne på bachelorgraden min må eg sei at det kanskje er noko av dei kjekkaste faga. Ein kan endre seg og det er lov! Så no vil eg bruke dette halvåret/året på å finne ut av kva eg skal etter bacheloren.

Kvifor valde eg dette studie? Grunnen til at eg valde dette studie var fordi eg likte godt realfag og då spesielt biologi på vidaregåande. Eg sto mellom bachelor i biologi og bachelor i molekylærbiologi. For min del er eg glad det vart molekylærbioologi, då det handlar litt meir om prosessar i kroppen og korleis ulike mekanismar der fungerer, og ikkje så mykje planter, evolusjon og økologi. Det var den delen av biologien som var mest interessant for meg.

Kvifor valde eg Bergen? Bergen er ein veldig fin by som eg har vore mykje i då det er knappe tre timars køyretur frå heimplassen min. Eg hadde derfor god kjennskap til plassen og har alltid trivdes her. I tillegg hadde eg høyrt at universitetet i Bergen hadde eit godt studentmiljø, som viste seg å stemme veldig godt! Eg er veldig heimekjær, så det er ein stor fordel med alle dei fine fjella som kan minne litt om heime og sjølvsagt at det ikkje er så lagt å reise heim.

Kva gjer eg utanom studie? Eg elskar å gå i fjellet og å vere på tur, så der er Bergen heilt perfekt for meg. Det har ikkje alltid vore slik, men eg har foreldre som alltid har vore mykje på tur, så eg kan takka dei for at dei tok med meg med sjølv om eg ikkje hadde så lyst. Til slutt vart eg og veldig glad i å gå tur. Elles er eg utruleg glad i å lage mat, høyrer masse lydbok (anbefalar storytel på det sterkaste) og er mykje med folk då eg likar å vere sosial. Sjølv om eg er ganske sosial syns eg og det er godt å ha rolege kveldar heime med kjærasten min der me ser tv og lagar god mat ilag. For ikkje lenge sida fekk eg meg og ein chilliplante! Så prosjektet mitt no for tida er å halde livet i den og å laga masse god mat med chilli i. Det går veldig greit enn så lenge og så håpar eg den overlever vinteren.

Gler meg til å vere meir her utover semesteret, me snakkast!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *