5 kjappe med Martha

Hei!

Eg er ein av dei nye studentambassadørane ved matnat-fakultetet. Her kjem ein presentasjon av meg!

 

Kven er eg?

Mitt namn er Martha og eg er 24 år gammal. Eg kjem frå Husnes, som er ein tettstad sør i Vestland. Eg er nok godt over gjennomsnittet interessert i realfag, og spesielt korleis realfag kan forklare ting vi observerer i kvardagen vår. Kvifor svir vi på auga når vi kuttar løk? Kvifor blir chipsen seig etter å ha lege for lenge i skåla?

Kva studerer eg?

Eg har fullført lektorutdanninga i realfag ved UiB, med kjemi som hovudfag og biologi som fag nummer to. Masteroppgåva mi skreiv eg i ei fagretning som heiter kjemididaktikk, som handlar om korleis vi kan lære vekk kjemi best mogleg. Etter fem år på UiB er det framleis mykje eg har lyst til å lære. Derfor brukar eg poststudieretten til å studere mellom anna programmering og geografi. Poststudierett er ein rett til å studere vidare etter å ha fullført ei grad, enten bachelorgrad eller mastergrad.

Kvifor valde eg dette studiet?

Eg valde lektorutdanninga fordi den gjer det mogleg å kombinere djupnekunnskap i realfag med formidling. Eg har alltid likt å fortelje vidare ting eg sjølv har lært, og det gleder meg mykje når andre synest det eg fortel er interessant. Derfor valde eg å søke meg inn på lektorutdanninga, og eg har ikkje angra eit sekund.

Kvifor valde eg Bergen?

Eg har alltid tenkt at dersom eg skal vere lærar, så vil eg undervise eldre elevar. Rett og slett fordi eg er så interessert i kjemi og biologi sjølv, og ville lære faga i djupna. Derfor ønskte eg å ta ei universitetsutdanning. Eg starta rett på høgare utdanning etter vidaregåande, og med to og ein halv time reiseveg var UiB eit trygt og godt val for meg. I tillegg lokka fjella i Bergen.

Kva gjer eg utanom studiet?

Fjella er noko av det eg set mest pris på i Bergen. Eg har aldri vore særleg tilhengar av å trene på treningssenter, så for min del er fjella eit fint alternativ for å halde seg i aktivitet. Eg er også glad i å ta ein is i parken, ein kaffikopp på ei koseleg kafé eller å sitte i hengekøya og lese ei bok. I tillegg byr Bergen på ei rekke konsertmoglegheiter – for ein kvar smak.

 

 

Til slutt

Det er dårleg gjort å stille spørsmål i starten utan å komme med svar, så her kjem to kjappe forklaringar på dei innleiande spørsmåla.

Kvifor svir vi på auga når vi kuttar løk? Når vi kuttar løk stig det opp ein gass som inneheld svovel. I auga reagerer denne gassen og dannar svovelsyre (H2SO4, altså same stoff som er i batterisyre).

Kvifor blir chipsen seig etter å ha lege for lenge i skåla? Vi tenker gjerne at det er masse luft i chipsposen når vi kjøper den, men det er det ikkje. Det er nitrogengass (N2). Når chipsen kjem i kontakt med luft reagerer den med oksygen, og dette bidreg til å gjere chipsen seig.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *