Trene sammen

Sammen – studentsamskipnaden, er plassert rundtom i til dømes Bergen. Dei driv kantinene på universitet, tilbyr studentbarnehage, helsehjelp med blant anna tannhelse, paykologar og meir, og treningstilbod for studentar for å nevna noko.

Treningstilbodet er omfattande med eit breidt tilbod innan aktivitet. For ca 1200 kr i semesteret kan ein trena så mykje styrke ein orkar, reisa på studentsenteret for å symja eller delta på gruppetimar. Lehmkuhlhallen, city, studentsenteret, Årstad, Kronstad, Fantoft og Studenthytten er plassert rundt i Bergen og det finst alltid eit i nærleiken av deg.

Av gruppetimar finst alt ein kan tenkja seg: timar av ulikt slag på møller, i basseng, spinning, step intervall, zumba, yoga, råsterk osv. Timebestilling gjer ein enkelt via sammen-appen, tre dagar i forkant av timen.

Kvar torsdag deler sammen trening på instagram ein trenings-challenge, så dersom ein treng eit ekstra push for å koma seg over dørstokken og inn på treningssenteret kan dette vera ein motivasjons-boost. Det finst mange ulike apparat for styrketrening, samt møller, ro-maskiner, ellipsemaskiner og ski-ergo for ei økt med meir preg av kondisjons- eller uthaldstrening.

NB: i morgon laurdag 7.mars arrangerer trene sammen gruppedagen på Fantoft der ein kan ta med kven som helst på 3 gruppetimar der ein betalar 100kr for å delta og pengane går til sirkusklovnane! Tren med dobbelt så godt samvit, og støtt ei god sak!

Eg og fleire av mine medstudentar nyttar treningstilboda til sammen aktivt, og trivst godt med både prisen og tilboda dei har, og som sagt fins det noko for ein kvar smak! God trening!

IMG_6732.jpeg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *