Havrekjeks

Tidlegare i veka hadde eg ein del tid til overs og bestemte meg for å baka havrekjeks. Dei er veldig gode, kjekke å ha når ein er i farta og ikkje minst sunne! Her kjem difor både oppskrift og framgangsmåte. Oppskrifta inneheld både gluten og laktose men kan enkelt lagast både gluten- og laktosefritt.

 

Oppskrift:

250 g havregryn (evt glutenfri)

3 dl mjøl (hvetemel, evt glutenfri lys melblanding)

2 ts bakepulver

1 ss sukker (kan fint sløyfast)

75 g smelta smør (evt laktosefritt)

2 dl mjølk (evt havremjølk eller laktosefri mjølk)

 

Set omnen på 210 grader varmluft.

Bland ingrediensane saman i ein bakebolle, anten med hendene eller ein sleikepott.

Ha rikeleg med mjøl på kjøkenbenken, og kjevle ut (har du ikkje kjevle, bruk noko anna, døme: flaske)

Trykk ut runde kjeks med eit glas eller ein kopp og legg på steikebrettet.

Set i omnen i ca 10-15 min, når dei byrjar å bli gylne er dei ferdige og må leggast på rist.

Legg i ein kakeboks når dei er heilt nedkjølte…

…og du har gode, sunne kjeks du kan nyta på farta i ein travel studentkvardag 😉

Klem lektorstudenten <3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *