Pepperkakebaking og pedagogikkeksamen

I går kveld var eg så heldig å bli invitert på pepperkakebaking og pensumlesing i pedagogikk saman med Ingrid og Celine (som også studerer lektor i matte og kjemi). Det å setja seg ned saman og diskutera korleis me ville ha svara på ulike problemstillingar som kan dukka opp på eksamen var absolutt ingen dum idé. Eg kom til Celine med tanken om at eg ikkje kunne noko og reiste derifrå med mykje nytt input og ein full boks med pepperkaker.

Me sat og las, åt middag og diskuterte i omtrent tre-fire effektive timar før me tok til med pepperkakebaking, noko som har gjort oss alle littegrann tryggare på eksamen som kjem i morgon. Etter eksamen er det rett på kræsjkurs i Mat111 på realfagsbygget for å forsikra meg om eg har fått med meg det viktigaste frå pensum. Måndagen blir med andre ord ein lang, men forhåpentligvis nyttig dag.

No er det nipugging som står på agendaen og eg har landa i ein bås for meg sjølv på biblioteket i håp om å kunna fokusera betre her enn heime i kollektivet der vasking og rydding foreløpig fristar meir enn pensum.

Lykke til med eksamen alle saman!! <3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *