Eksamensperioden

Noko som gjeld dei aller fleste av oss studentar er at eksamensperioden er i full gang. Som fyrsteårsstudent er det ein stor overgang frå vidaregåande med tre eksamenar i halvåret, i alle fall når dei kjem så tett på ein annan. Eg skal ha eksamen i pedagogikk (PEDA120) den 9.desember, matematikk (MAT111) den 13.desember og kjemi (KJEM110) den 18.desember. Det er absolutt lurt å byrja å tenkja på eksamen og forbereding til eksamen i god tid før den kjem. Eg har laga meg ein plan på kva eg skal ha gjort kvar dag, slik at eg veit litt kvar eg skal byrja når eg set meg ned.

I eksamensperioden er det ingenting som fristar mindre enn det å nettopp lesa til eksamen. Dersom ein ser på min dag i dag berre har eg vore på trening, vaska, tørka støv, vaska klede, støvsugd, bytt på senga, vaska bad, rydda i alle skap og ete pastasalat til lunsj. Eg stod opp kl 09.30, og har likevel enda ikkje sett meg ned med skulearbeid, idiotisk? Ja.

I Helgja som var reiste eg til København saman med nokon venninner for eit avbrekk frå eksamenslesinga. Det var veldig koseleg i tivoli og me storkoste oss til tross for kulda! Det er det som er så greit med å studera – ein kan sjølv ta seg fri inni mellom, anten for å reisa eller slappa av med venner, men eg anbefalar likevel ikkje å rømma landet rett før eksamenstresset set i gang…

Eg har berre hatt ein midtsemestereksamen til no ved Universitetet, men veit nokolunde kva eg går til på eksamensdagen. Det er mot slutten av semesteret ein angrar noko på at ein droppa ei forelesning og to, ikkje deltok på seminar og tok avstand til kollokviegrupper. Det er likevel viktig å ta ein pause eller to i løpet av dagen for ikkje å bli heilt kokt i hovudet. Eg likar veldig godt å ta ei tung treningsøkt slik at hovudet ikkje tenkjer på anna enn å få gjennomført, eller ta meg ein tur med podcast på øyrene for å kobla av.

Det går nok fint likevel for både deg og meg, og om ein stryk, er ikkje det verdas undergang – berre ta eksamen opp att til våren 😉 Lykke til med eksamen til alle saman, klem frå lektorstudenten! <3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *