Søndag i Bergen!

Det er absolutt ikkje sånn at heile søndagen må tilbringast som eit slakt på sofaen, i alle fall ikkje i ein by som Bergen. På søndag var eg saman med to av dei eg bur i kollektiv med på universitetsmuseumet. Ei positiv overrasking eg kom over då me stod og venta i kø var at alle studentar ved Universitetet i Bergen har gratis inngang på museumet! Det var absolutt mykje kjekt å sjå på!

Det var alt i frå utstoppa dyr, til store skjelett, plantar, insekter og mykje meir. Eg hadde aldri vore på Universitetsmuseet, men Ihne som var med hadde vore der for nokre år sidan, før dei stengte det. Museet blei opna att i haust, og det var tydeleg begeistring blant både store og små!

Etter me hadde vore på museet hadde eg planar med ei venninna om å møtast for å eta saman før turen gjekk til Bergen Kino og julefilmen «Snekker Andersen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul». Absolutt ein heilt fantastisk koselig julefilm, som eg anbefaler alle å sjå! (Enten det vert før eller i desember )

Alt i alt ein koselig søndag 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *