Kollektiv – vettreglane

Kollektiv – vettreglane

Eg, og mange andre studentar er kjend med det å bu i kollektiv. Nokon har meir erfaring enn andre. Det er veldig kjekt, men kan til tider vera krevjande og kjipt. Det er ikkje alltid så lett å setja pris på kollektivet når sukkeret ditt er vekke, eller nokon har teke eit egg og fem. Eg er så priviligert at eg har eige bad, men om du ikkje er så heldig, er det nokre ting ein bør vera obs på. Av den grunn kjem det eit innlegg med kollektiv-vettreglar, slik at du som kollektivbuar kan stortrivast i ditt kollektiv J

 

  1. Øyreproppar er ei fin investering.

Spesielt om du har rom nærme fellesarealet og du vil sova på natta. (Eg bur vegg i vegg med kjøkenet.) Dette gjeld ikkje berre når ein skal sova om kvelden, men også på morgonen. Om du har forelesning litt ut på dag og vil slumra litt lenger, er det kjipt å vakna av andre i kollektivet som romsterer på kjøkenet og slamrar med skapdørene kl 7 om morningen.

 

 

  1. Planlegg middagane for veka på mandagen.

På denne måten er det mykje pengar som kan sparast. Bruk mattilbud – appen aktivt, og planlegg middagane etter kva som er på tilbod! Når ein lagar middag til berre ein person blir det ofte mykje ingrediensar att. Ved å planlegga middagar som inneheld nokre av dei same grønsakene og ingrediensane kan ein spara både miljøet og lommeboka. Prøv anten sjølv eller lat deg inspirera av @fattigstudent på Instagram!

 

  1. Merk all maten din med namnet ditt.

På denne måten er det lite plass for «misforståelsar» frå andre bebuarar i kollektivet som «trudde det var deira mat», og det blir lettare å gjennomskoda dei. Me har alle vore i den frustrerande situasjonen der det plutseleg manglar noko pålegg, ein skvett mjelk eller eitt egg frå kjøleskapet.

 

  1. Spør i tidleg dersom du skal ha ein gjeng over på vors.

Og minn alle på det når dagen kjem. På denne måten kan folk planlegga litt slik at ein kan unngå at nokon plutseleg skal laga seg middag eller skal ha besøk sjølv same dagen. Og for all del, husk å spør om lov!

 

  1. Planlegg dusj-turen i god tid.

For min del er ikkje dette eit problem, men det er dei færraste kollektiv som har eigne bad til bebuarane. Difor blir ein vant til å måtte stå i kø til badet. Om det i tillegg er mange jenter som bur i samme kollektivet, kan køen fort bli lang, og planlegginga desto viktigare.

 

  1. Vask alltid opp etter deg.

Når du er ferdig å bruka kjøkkenet, vask opp! Dette gjeld kjøkkenbenken, spisebordet og naturlegvis oppvasken. Det er INGENTING som er meir irriterande enn å koma til eit skittent kjøkken med vasken full i skittent kjørtel.

 

  1. Tøm oppvaskmaskina når ho er ferdig.

Men! Ikkje la det bli ei kvilepute for dei andre at du alltid skal gjera det. Eit lite tips som kan gjera at fleire bidreg på denne posten er å gjera det til ein konkurranse. I kollektivet vårt har me ein konkurranse som går ut på å tøma oppvaskmaskina flest gongar over ein viss tidsperiode, der vinnaren får ein premie.

 

  1. Spar på krefter og søk ly om nødvendig.

Sjølvsagt kan ein få nok av å omgåast andre heile tida. Då er det veldig deilig å låsa døra gå inn på rommet og søkja ly under dyna med ein koselig serie (Team Ingebrigtsen? J). Og bråkar dei andre for mykje kan ein stela alle nøklane og låsa dei ute? Det tek jo litt tid før låsesmeden kjem og får gjort noko med det….

 

  1. Oppbevar vaskemiddel, tøymyknar og liknande på rommet ditt om mogleg.

Dette er kjipe utgiftspostar, som blir enda kjipare dersom dei andre i kollektivet skal nytta seg av dine varer. Eg oppbevarar dette i skittentøyskorga mi, slik at eg alltid har det med på vaskerommet, og får ha det i fred.

 

 

  1. Smil, ver imøtekommande og grei.

Om ein har ei positiv innstilling og sosialiserer seg så er det ingenting som er kjekkare enn å bu i kollektiv. Gjer det beste ut av det! Det er mykje som er kjekt med å bu i kollektiv også!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *