10 kjappe med Emma

          1. Kven er eg?

    Eg heiter Emma, er 18 år og studerer lektor i realfaga kjemi og matematikk. Eg kjem frå ei lita bygd som heiter Tørvikbygd i Kvam Kommune, ca ein time og tre kvarter frå Bergen sentrum. Eg likar dei fleste lagidretter og har holdt på med håndball, volleyball, innebandy og fotball då eg budde heime. No har eg byrja på fotball att her i Bergen, og stortrivst med det. Ellers er eg medlem i trene sammen og nyttar meg aktivt av gruppetimane der!

           

    2. Kva studie går eg på?
    Eg går på studiet som heiter lektor i naturvitskap og matematikk, som er ein integrert master. Det vil seia at studie går over 5 år og fører til ein mastergrad utan at ein må ta ein bachelor fyrst. Integrerte masterprogram fører ofte til eit bestemt yrke, slik som at lektor i naturvitskap og matematikk fører til yrket som lærar i dei realfaga ein vel (eg har kjemi og matte) i vidaregåande skule og ungdomsskulen. Eg byrja rett på studie etter vidaregåande.
    3. Kvifor valde eg lektorstudie?
    Eg visste at eg ville jobba med menneske, og at eg likar realfag. Då eg skulle søkja hadde eg derfor medisin på fyrste plass og ganske tilfeldig lektor i realfag på andre plass. Då eg ikkje kom inn på medisinstudiet, visste eg at eg likavel ville byrja rett på studie, og bestemte meg for å takka ja til plassen i Bergen.

          

    4. Kva inngår i studiet?
    I studiet er det noko obligatorisk og ein del valfritt. I byrjinga av dette semesteret hadde eg obligatorisk lab i kjemi annakvar mandag. Me hadde fem øvingar på labben som var obligatoriske å delta på. No når me er ferdige er det berre seminar i pedagogikk som er obligatorisk, som er 2 timar i veka. Utanom det har me hatt ei veke obligatorisk praksis der me skulle observere undervisning på ungdomsskular. Elles har me totalt fem forelesningar i veka i kjemi, matte og pedagogikk og ein del grupper der ein kan sitja saman og løysa oppgåver.
    5. Kvifor ville eg studera i Bergen?
    Eg valde å studera i Bergen fordi at det ikkje er så langt heimafrå og at eg tenkte eg ville behalda deltidsjobbane mine heime. Bergen er også ein fin by med eit godt studentmiljø og vakker natur. Ein treng ikkje gå langt for å komma seg til topps på eit av dei sju fjell, noko som er luksus i seg sjølv.

           

    6. Kvar bur eg?
    Eg bur i eit kollektiv på Kronstad saman med seks andre. Me er tre jenter og fire gutar. I byrjinga syns eg det var noko kjipt då eg ikkje kjente nokon frå før av, men etter kvart som ein blei betre kjend og fekk på plass ein del husreglar betra situasjonen seg betrakteleg. Det er ca 20 minuttar å gå i frå kollektivet til realfagsbygget, og på grå regnværsdagar går bybanen frå stoppet tre min frå kollektivet.
    7. Kva deltidsjobbar har eg?
    Eg har fire deltidsjobbar. Eg er studentambassadør for matnat, som går ut på å helda presentasjonar om UiB matnat på vidaregåande skular og informera om UiB matnat via sosiale medium og andre plattformer. Eg jobbar og på ein rehabiliterings- og behandlingsavdeling heime i Kvam, der eg ofte er i helgane og av og til på ettermiddageane. I tillegg jobbar eg på Strandebarm sportell som er eit hotell spesielt retta mot idrettsutøvarar i alle aldrar og i Holmatun, som er eit ungdomshus i nabobygda heime.

 

    8. Kva gjer eg helst på om eg kan ta meg fri frå studia?
    Når eg har fritid til overs likar eg å trena gruppetimar på sammen (Kronstad), gå på fotball, vera med vennar eller slappa av for meg sjølv med ein serie eller saman med dei andre i kollektivet. Eller likar eg å gå på tur når det er fint ver i Bergen (relativt sjeldan).

          

    9. Favorittmat, favorittserie, favorittfilm?
    Favorittmat er nok avokado carbonara: cred til @fattigstudent!
    Favorittserie for tida er Team Ingebrigtsen og Greys Anatomy.
    Favorittfilmane mine er Fast & Furious serien.
    10. Tre kjappe:
    A – eller B – menneske? B.
    Serie eller musikk? Serie.
    Kaffi eller te? Kaffi.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *