Konsert med Julie

Som fulltidsstudent kjenner eg på det at tida ikkje alltid strekk til. Med tanke på innleveringar, forelesingar og oppgåver i tre emne på same stund, kan det vera vanskeleg å prioritera hendingar som konsert. På torsdag gjorde eg likevel det for å sjå Julie Bergan på verftet her i Bergen, til tross for oblig i matte med frist på mandagen.

Som student i Bergen kan ein finna på mykje kjekt! Mange arrangement har óg kjekke prisar for studentar som gjer det lettare å leggja vekk studia for ein kveld, til tross for stramt (eventuelt sprengt) budsjett. Julie Bergan leverte absolutt, både med tanke på show og studentvenlege prisar. Med jobb heile helgja i bakhovudet, var det kjekt å kunna gjera noko ut av den ellers vanlege torsdagen.

Dagen etter var det rett på skulebenken att for å fullføra den obligatoriske innleveringa i matematikk saman med reddande medstudentar. Helgja gjekk som sagt til jobb, og det gjorde for øvrig måndagen og. I dag har eg vore på skulebesøk heime, for å snakka om UiB, matnat, i håp om at fleire av tidlegare medstudentar kjem gåande inn i realfagsbygget i august! 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *