Kjemi – på labben

Som lektor med hovudfaga kjemi og matematikk, må ein gjennom emnet kjem110. I dette faget er det både lab og forelesingar. Annakvar måndag er me på labben og utfører ulike forsøk. I går hadde me om redoks-reaksjonar og potensiometrisk titrering. Det er ein del arbeid både før (med forberedelsar) og etter (med labrapport), når det kjem til labarbeid – men det er veldig kjekt!

Labben varar i frå kl 10.00 til 16.00 (alt etter når ein er ferdig med forsøka), men som student er det viktig å gjera andre kjekke ting enn å berre studera. Difor valgte eg og to venninner å reisa på kino etter labben i går, og avventa arbeidet med labrapporten til i dag. Det førte til tre trøtte jenter i dag, men absolutt verdt det med tanke på avbrekk frå studie og overfylte tavler.

Likevel kom me godt i gang etter noko slumring med vekkjarklokka på morgonkvisten. Ved å sitja fleire saman føler ein på at ein er meir nødt til å arbeida med oppgåva, noko eg syns er veldig greitt! Difor satt me i kollektivet der eg bur og arbeidde med rapporten etter øvinga.

I 18-tida tok me turen på trening på Sammen City, til tross for regnveret. Då var det gruppetime og D.A.N.C.E som stod for tur, noko som var utfordrande men ekstremt artig!

Med travle (men kjekke) studiedagar blir det ofte seine middagar (om ein i det heile orkar å laga seg noko). Etter trening var det likevel wok som stod på menyen, og team Ingebrigtsen på skjermen for eit lite avbrekk i dag og.

<3-lig helsing lektorstudenten 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *