PÅ VEI – lektor

Denne veka (veke 42) har det vore PÅ VEI-arrangement på det matematisk naturvitskaplege fakultetet ved UiB. PÅ VEI er i hovudsak sikta mot nye studentar og handlar om å finna ut kva ein skal med studia, kva ein vil bli, om ein skal ta semester i utlandet, om ein vil driva med frivillig arbeid, verv eller ein relevant deltidsjobb kanskje? Denne veka har det vore mykje tilgjengeleg informasjon i form av infotorg, karriereforedrag frå tidlegare studentar ved UiB, finna ut kva moglegheiter som fins for utveksling eller ta eit kurs i studieteknikk.

Mitt namn er Emma, eg er 18 år gammal og har just byrja på studiet lektor i realfag. Lektor er ein 5-årig integrert master, det vil seia at eg går på studiet i fem år, og når eg er ferdig er eg klar til arbeidslivet som lærar i realfag ved ungdomsskulen og vidaregåande skule. Eg spesialiserer meg innan to fag der hovudfaget mitt er kjemi, og sidefaget mitt er matematikk.


Øvst til venstre: forsøk på Laboratoriet i KJEM110, øvst til høgre og under: arbeidar saman med venninner i etterkant av forelesning, på matnat treng du aldri sitja aleine (med mindre du ynskjer det sjølv då 😉 ) FANTASTISK STUDENTMILJØ!

Denne veka har eg hatt midtsemestereksamen i kjemi, og har av den grunn ikkje hatt moglegheit til å delta på alt som har skjedd i forbindelse med PÅ VEI, men eg har vore med på infotorg og programmøte for lektorar. På infotorget var det studentar som stod på stands for ulike studentforeiningar, frivillige organisasjonar og informasjon angåande moglegheiter for utveksling. På infotorget hadde alle stands med seg forskjellige freistingar i form av kjeks, kaker og frukt, noko som naturlegvis lokkar fattige studentar.

Programmøte for lektorprogammet!

Det eg var mest interessert i då eg var på infotorg var å få høyra om ulike studentforeiningar eg kan melda meg inn i, og høyra om programmet vektor. Det lønar seg å vera med i ei studentforeining då det er sosialt, kjekt og saman med folk med like interesser som deg! I tillegg ser det bra ut på CV-en om ein har hatt litt av verv tidlegare, hatt ansvar. Eg deltok også på programmøte for lektorar, noko som var informasjon retta mot lektorane ved matnat angåande praksis, utveksling og fagval – veldig informativt og greitt!

Eg syns at PÅ VEI har vore informasjonsrikt og viktig, eg har funne ut meir angåande utveksling og mitt studie generelt. For min del så veit eg kva eg blir når eg er ferdig å studere, men for andre kan det vere viktig med informasjon om karrierevegar etter enda studie! Etter fullført studie ved UiB matnat fins det eit hav av moglegheiter!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *