Korleis fag tar eg dette semesteret?

Hei!

 

I dag tenkte eg at eg skulle fortelje dykk om korleis fag eg tek dette semesteret. Eg går på tredje året på bachelor i molekylærbiologi, altså 5 semester. I bacheloren i molekylærbiologi har me ein del valgfag, og dette semesteret har eg då eit valgfag. Eg har og to fag som er obligatoriske å ta for å få ein bachelorgrad i molekylærbiolog. Desse obligatoriske emna er lagt opp til spesifikke semester i løp av dei tre åra, men det er mogeleg å flytte dei til andre semester viss ein vil det. Ein kan for eksempel endre litt på fagoppsettet viss ein vil reise på utveksling i to semester i staden for eit, der eit er det mest vanlege.

Dei to obligatoriske emna eg har i år er MOL203 «Gene structure and function» og MOL204 «Applied Bioinformatics». I tillegg til desse har eg valt å teke PHYS101 «Grunnkurs i mekanikk og varmelære». Eg har ikkje teke fysikk før, verken på vidaregåande eller på universitetet, så det kan blir spennande. Titlane til dei tre faga seier jo allereie litt om kva faga handlar om, men eg tenkte å gå litt meir inn i det og fortelje litt om korleis faga er lagt opp med førelesningar, kollokvier osv. Kva er obligatorisk og ikkje? Kva meinar eg er nyttig?

 

MOL203 handlar om å lære seg og forstå korleis det genetiske materiale er bygd opp og kva funksjonar det har, både i prokaryote og eukaryote celler. MOL203 er lagt opp med ein forelesing (av og til to) i veka. For dei som ikkje veit, er ein forelesing vanlegvis 2 x 45 min med 15 min pause i mellom. I tillegg har ein i MOL203 nokre spørjetimar i løp av semesteret der ein har moglegheit å stille spørsmål ein lurer på. Vidare er det fem kollokvier i løp av semesteret der ein jobbar saman med oppgåver knytta til pensum. Her kan det ofte vere lurt å ha gjort litt på førehand. Det er lurt å gjere ein god jobb med kollokvieoppgåvene då det ofte kan vere ein peikepinn til kva som kjem på eksamen. Elles må ein jobba ein god del på eiga hand då det er mykje detaljar ein skal lære seg. Det eg har gjort til no i dette faget er å lese og notere frå boka som høyrer til. Då likar eg å notere for hand då eg føler at eg lærer det betre, noko som og er bevist. Seinare kjem eg nok og til å benytte meg av youtube, der det ofte er gode videoar på molekylærbiologiske prosessar o.l. Eg kan spesielt anbefale «Khan Academy» som eg har brukt i fleire andre MOL-fag. Ingenting i MOL203 er obligatorisk.

MOL204 er som sagt bioinformatikk, altså eit fag som føregår mest på PC. Som det står på UiB sine nettsider er målet for MOL204 å gi kunnskap om og bli god på å bruke bioinformatiske metodar som er sentrale for gjennomføring av molekylærbiologiske forskingsprosjekt. I MOL204 er det ein forelesing i veka i tillegg til PC-LAB, som også er ein gong i veka, men denne varar i tre timar. PC-LAB er obligatorisk, så den må ein møte opp på. Der jobbar me i grupper på tre og tre med oppgåver me får utdelt. Dei fleste oppgåvene går ut på å leite opp informasjon om protein på nettet i ulike databasar, lære seg korleis slike databasar fungera og korleis ein lettast kan finne den informasjonen ein treng. Elles gjer eg ikkje så mykje anna i dette faget endå, då eg føler at eg får lært mykje både i forelesing og på PC-LAB. Seinare kjem eg nok til å lese og repetere i boka også.

 

PHYS101 er først og fremst eit fag for andre studieretningar enn fysikk og matematikk. Det er lurt å ta dette faget for å få litt grunnkunnskapar i fysikk som ein kan bruke innanfor sitt eige fagfelt. Her er det fokus på dei enklaste begrepa innan fysikk. Eg har ikkje hatt fysikk før, så derfor syns eg det var litt krevjande i starten, men no etter eg har jobba ein del med det går det ganske greitt. I PHYS101 har me to forelesingar i veka, men ein av desse er berre 45min. Me har og noko som heiter oppgåveløysing og rekneverkstad. Oppgåveløysing går ut på at ein student som er komen lenger i løpet enn oss går gjennom nokre oppgåver som me har fått på førehand. Dette varar like lenge som ein vanleg forelesing og me har det ein gang i veka. Rekneverkstad er og eit oppgåvesett me får utdelt og så har me oppmøte på zoom ein gang i veka der ein kan stille spørsmål om oppgåvene. Ingenting i PHYS101 er obligatorisk, men det er eit fag ein må ha mengdetrening i for å få til så eg anbefalar å gjere så mykje du klarar. I tillegg til tilboda eg nemnte over har eg gjort ein del oppgåver sjølv som eg har funne på nettet og i boka.

Mykje av undervisninga er no digital, men eg har vore heldig og har ca. 50/50 digitalt og fysisk. Eg syns det er fint å kunne møte opp på skulen då det er lettare å komme i gang med dagen når ein må møte opp til eit visst klokkeslett. Dei siste to vekene har all undervisning likevell føregått digitalt pga auking i smitte i Bergen. Eg håpar me kan gå tilbake til litt fysisk igjen no i løp av veka, men viss ikkje må ein berre gjer det beste ut av det. Heldigvis er det digitale mykje betre no enn det var på vårsemesteret når alt var nytt.

Eg håpar uansett dette har gitt litt innblikk av nokre fag du kan ta på det matematisk naturvitskaplege fakultetet på UiB og då to av faga som er obligatoriske på bachelor i molekylærbiologi.

 

Då håpar eg alle får ei fin veke og så snakkast me snart igjen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *