Kor og korleis bur eg

Hei!

Det er mange bumoglegheiter når ein er student. Det mest vanlege er nok å bu i kollektiv eller i studentboligar. Studentboligar kan ein få aleine eller i lag med andre. Viss ein har studentbolig med andre kan ein enten dele alt utanom sitt eige rom eller ein kan ha privat bad, men dele kjøkken. Ein kan og leige leiligheit privat, enten aleine eller med andre. Nokre kjøper seg leiligheit, men det er kanskje mest vanleg viss ein har budd her litt først. Dei to åra eg har budd i Bergen har eg budd i leiligheit med kjæresten min. Der eg kjem frå er det langt til nærmaste vidaregåande skule, så dei aller fleste av oss flytta i kollektiv/hybel allereie når me var 15/16 år. Det var ein av grunnane til at eg ikkje hadde så stort behov for kollektivopplevinga som student, då eg allerede hadde gjort det i tre år. Men til alle dykk som ikkje har opplevd det før, anbefalar eg verkeleg å prøve det! Det er veldig sosialt og kjekt.

Eg tenkte å fortelje litt om kor og korleis eg bur som eit eksempel på korleis ein kan bu i Bergen. Det er ikkje så lenge sidan eg og sambuaren min flytta til Fyllingsdalen, som er litt utafor Bergen sentrum. Før dette budde me to år på Kronstad/Danmarksplass som er forholdsvis sentralt, i alle fall med tanke på realfagsbygget som ligg på Nygårdshøyden. Derfor tenkte eg å sammenlikne desse to for å gi eit innblikk i fordeler/ulemper med det å bu sentralt og det å bu litt utafor sentrum.

Grunnen til at me flytta til Fyllingsdalen var fordi me gjerne ville kjøpe leiligheit. Fordelen med å sjå litt utafor sentrum er då at prisen er noko heilt anna, og ein kan få ein del betre standard og storleik på leiligheiten for same pris som ein dårlegare leiligheit i sentrum. Dette var altså hovudgrunnen til at me såg utafor sentrum. MEN etter me hadde budd her nokre veker merka eg at det var mange andre fordeler med å ikkje bu så sentralt, i mitt tilfelle Fyllingsdalen. Det første føler eg seier seg sjølv, men det er mindre folk og ein føler ein har meir plass rundt seg, som er veldig deilig! Vidare er det meir grøntområde og det er rolegare om natta, som er ein stor fordel mtp søvn. Det er fleire fine badeplassar som ein kan nytte om våren og sommaren, der det ikkje er like fullt som i sentrum. Dette har vore heilt supert å kunne benytte no mtp corona. Ellers er det mange fine turmoglegheiter, til og med ein del gratis parkering i turområde viss ein har bil. Det finn ein ikkje i sentrum. Eg vil påpeika at det er mange fine turmoglegheiter frå sentrum og, Bergen er tross alt byen mellom dei sju fjell. Men viss ein bur litt utafor sentrum får ein kanskje oppleve endå fleire forskjellige fjellturar enn dei mest populære nærmast byen som ein kanskje ellers ikkje hadde funne. Då går ein og litt meir for seg sjølv, noko som eg likar. Eg har aldri vore noko fan av å gå i kø når eg skal ut i naturen. Dette er nokre eksempel på det eg syns eg betre med å bu i Fyllingsdalen enn på Kronstad.

Her er eit panoramabilete frå Damsgårsfjellet der ein ser noko av Bergen sentrum (++) til venstre og ein del av Fyllingsdalen til høgre. Fjellet i midten heiter Løvstakken og er etter min meining eit av dei finaste fjella i Bergen.

På den andre sida er Kronstad ein 8 minutters bybanetur frå sentrum, medan buss til sentrum frå der eg bur i Fyllingsdalen no tar ca 15 minutt. Bussar i Bergen, eller kanskje generelt er ofte forsinka, spesielt i rushtidene. Det er sjeldan bybana, då den i liten grad er avhengig av anna trafikk. Derfor vil eg sei at det absolutt var ein fordel med å bu på Kronstad. No når eg bur i Fyllingsdalen må eg ta buss for å komme meg skule, trening og venner. Når eg budde på Kronstad kunne eg gå til det meste på under ein halvtime og viss eg ville ta kollektiv gjekk det litt oftare. Generelt tek det litt lenger tid å komme seg rundt no når eg bur i Fyllingsdalen, men for min del veg det opp for alt det positive ved å bu her. I tillegg skal det komme bybane hit om to år!

Eit utsnitt av eit kart der ein ser Fyllingsdalen nede til venstre og Kronstad ca midt på kartet litt under Bergen sentrum.

Avslutningsvis vil eg sei at for min del trivest eg absolutt best i Fyllingsdalen. Men eg hadde og to fine år på Kronstad og vil anbefale nye studentar og andre som flyttar til Bergen å bu litt nærme sentrum i starten. Dette fordi det då er litt lettare å vere med på alt som skjer og ein blir betre kjend med byen.
Eg håpar dette kan ha vore litt til hjelp for dei som lurer på korleis det er å bu ulike plassar i Bergen.

Fyllingsdalen, i nærheiten av der eg bur med Løvstakken i bakgrunnen.

 

Me snakkast!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *