Kunsten å spørje ein student om å tenke stort: #Realutfordring ft. Vipps

Middagsspleis. Nettbutikk. Bestemor. Slike ord har vi studentar beskrive Vipps sidan vi byrja å nytte appen. Det som fyrst verka som eit godt verktøy til å handsame pengar raskt, er no vevd inn i det norske samfunnet som brunost og ski; det har kome for å bli. Så korleis kan dette stykket Noreg bli sendt ut til Europa? Teamet i Vipps spurte seg sjølve kva dei kunne gjere for å utvide verksemda deira til Europa, der førespurnaden for kontantlaus betalingsmåtar er i eksponentiell vekst. 

Middagsspleis. Nettbutikk. Bestemor. Realfag. R E A L F A G ? ! ? 

Ved fyrste augekast verka det som ein «long shot». Å implementere realfagleg kompetanse i eit internasjonalt marknad verka veldig overveldande for mange, meg sjølv inkludert. Oppgåva vart enkelt forklart: korleis kan vi hjelpe Vipps med å satse i Europa? Som kjemistudent tenkte eg med det fyrste at eg var i feil rom. Men eg tok heldigvis feil. Saman med fire andre studentar frå ulike realfaglege studiar ved MatNat, fekk vi utveksla idear om korleis vi skulle danne grunnlaget til prosjektet vårt. På 30 timar starta vi med post-it-lappar på veggen og slutta med ein presentasjon til Vipps. Korleis gjorde vi det? 

Vi skulle sjå på ulike faktorar som skulle hjelpe Vipps å velje eit land, med tanke på berekraftsmål og samfunnsansvaret til Vipps. Vi plukka ut fleire land som kunne vere kandidatar for prosjektet, fann relevant informasjon og statistikk for kvar faktor, og nytta Excel til å lage ei oversikt over alle faktorane for kvart land i Europa. Vidare lagde vi eit verktøy i Python der brukaren bestemte sjølv kva faktorar var viktigast. Når brukaren tasta inn det dei ønska, blei ei oversikt over 10 mest aktuelle landa vist på skjermen. Desse landa varierte på kva brukaren vektla i faktorane. 

Når eg høyrte for fyrste gong at «realfag er overalt», himla eg med augo. Takk og lov eg blei bevist feil! I Word er det nytta millionvis av kode for at eg kan skrive dette innlegget. I datasentre som let bedrifter som Vipps køyre verksemda deira på skytenester, nyttar dei kjemien til å handtere karbonavtrykket for desse datasentera. Matematikarar får jobbe med bankane som samarbeider med Vipps for å knekke diverse problemstillingar knytte til finansverda. Alt det fekk eg bevist under oppdraget med Vipps. Realfagleg utdanning let deg satse på verda – og let verda satse på deg.